Dekonstruktivisme med Elin Tysdal
Denne veka hadde me ei veldig kort veke på skulen, og me måtte ha vikar ettersom læraren vår var bortreist.
Då fekk me inn Elin Tysdal som er ei kjempe flink og utrulig kjekk dame å jobbe med :)
Me skulle då få lære om dekonstrutivisme, som er mykje lettare enn det høyrest ut ;) Det går ut på at ein plukker i frå eit organsik materiale, og sett den saman igjen på ein heilt ny og spennande måte. Me skulle gå mot den biomorfe retninga, som vil seie at det me laga skulle gå mot dyr og natur.
Det me begynte med var å prøve oss fram litt ved å plukke i frå ein blome, og sjå kva me synst det likna på etterkvart som me fekk den i fleire delar.

Etter å ha plukka i frå nokon liljeknoppar og ein nellik, syns eg at liljeblada likna på ei vindmølle.

Her er nelliken halvveis demontert, og ein ser at knonblada spreier seg ut. Eg synst nesten at det såg ut som ein liten parasoll?

Her har eg lagt blada frå nelliken på rekke, ser nesten ut som eit statementsmykke :)
Så kom me i gang med den skikkelige oppgåva, der alle brukte same blomen Protea:


Her har eg plukka i frå ein protea, Afrikas nasjonalblomst.
Eg hadde lyst å laga ei ugle, så eg fann mange bilete av ulike ugler og skreiv dei ut.
Eg skar ut ei uglefasong i tørr-oasis, og limte på eit og eit kronblad frå proteaen.

Tok ikkje så mangen bilete under prosessen, frodi eg var så opptatt med å bli ferdig ;)

Her er "Mor Ugle" ferdig! :D
Kjempekjekt prosjekt! ;)































































